1. Hjem
  2. Hva vi har fått til sammen
  3. Årsmøtet gjennomført

Årsmøtet gjennomført

Årsmøte og konsert på Emblem

Tradisjonen tru arrangerte NSP Aid årsmøte i starten av juni. Vanlegvis blir årsmøtet halde på Skodje, men i år måtte vi finne eit anna lokale på grunn av kolliderande arrangement. Valet fall derfor på Emblem.

På agendaen stod mellom anna val av styremedlemmer. Jan Ivar Kynningsrud og Solveig Straume tok attval for to nye år, medan Sofie Stenseth Stette vart vald inn som nytt styremedlem. Peder Stette er ny 1. vara. Gunhild Sjøvik vart attvald som styreleiar. På forsidebiletet ser du frå venstre Sofie, Ivar, Gunhild og Bernt.

På årsmøtet takka vi også av Odd Asbjørn Nybø og Tore Larsen, som har vore vararepresentantar i fleire år. Vi vil rette ei stor takk til begge for innsatsen og engasjementet dei har lagt ned for NSP Aid.

Bilet: Odd Nybø

Det nye styret er dermed samansett slik:

Styreleiar: Gunhild Sjøvik
Styremedlemmer:

  • Jan Ivar Kynningsrud
  • Solveig Straume
  • Thomas Klungsøyr
  • Bernt Ulstein
  • Sofie Stenseth Stette

1. vara: Peder Stette

Etter årsmøtet vart det konsert med Gollj & Gråstein og Trio frå Sykkylven. Publikum fekk nyte vakker musikk på ein fin førsomarkveld.

William Hovda deltok også og viste filmar og fortalde frå turen han hadde saman med vidaregåande skular til Kenya i haust. Det vart eit spennande innblikk i arbeidet og opplevingane frå reisa.

Vi takkar alle som møtte opp, både publikum, musikarar og andre deltakarar, og ser fram til nye arrangement i tida som kjem.

Skrevet av

NSP AID

Flere historier

Meny
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter