Av Elisabeth Emblem
I oktober og november fekk eg vere eit par veker i Kenya. Fleire av dagane var eg med frivillige i samarbeidsorganisasjonen vår, Heart to Heart (H2H), på heimebesøk i slummen i Nairobi. Kvar dag hadde vi eit fastsett program, men ein morgon får eg beskjed om at programmet er endra. H2H hadde fått ein «emergency call», – ein telefon om ein nødssituasjon i ein heim i slummen Kawangware. Det var den yngste sonen i heimen som fortalde til læraren sin om ein trasig situasjon heime, skulen tek kontakt med H2H og no er vi på veg dit.
I eit lite skur møter vi ei enkje, Faith, som i tillegg til guten i grunnskulen også har ansvar for eit barnebarn på 2 år. I tillegg bur ein vaksen son heime. Det er han som står for det vesle av inntekt som er i heimen, men han er utan fast arbeid og det er ikkje kvar dag han får seg jobb. Faith er mykje sjuk og treng ein del dyre medisinar. Ho har bl.a. høgt blodtrykk og ho har hatt ei form for hudkreft som gjer at huda hennar er kvit. No er der heilt tomt for mat i huset og han som eig skuret dei bur i har trua med å ta ut døra pga manglande betalt husleige. Det neste steget er at dei blir kasta ut. Vi hadde med mat, ho fekk litt pengar slik at ho kan halde huseigar på avstand ei stund og nokre oppmuntrande ord.
Eg har ofte tenkt på Faith og familien og korleis det har gått med dei. I går fekk eg «emergency call 2» om Faith. 21. desember vart dei kasta ut av skuret. Sonen har ikkje klart å skaffe nok pengar til det familien treng, så husleiga har ikkje vorte betalt. Døra til skuret vart låst, ho fekk ikkje ein gong kome inn og hente dei livsviktige medisinane sine. 24. desember er der ein privat-person, som ikkje har meir enn ho treng sjølv, som betalar så pass mykje til huseigar at familien får flytte inn igjen og bu der inn til vidare.
Kunne du tenkje deg å vere med å betale husleiga til Faith og familien?
NSP Aid har det vi kallar Familie-adopsjon. Då får ei svært trengande familie støtte til husleige, slik at det vesle dei elles tener kan gå til mat, kle og medisin m.m. Ei slik støtte er på 500 kr pr månad. Det går også ann å vere del-betalar. Dvs at du betalar ein del av kostnaden og andre betalar resten, slik at fleire støttar same familien.
No formidlar eg dette vidare til deg og kallar det for «emergency call 3» Kanskje det er du som skal melde deg som støtte til Faith og familien??