16.mars fylles Pinsekyrkja i Volda med gospelglade folk. Bygda sitt eige gospelkor, Volda Gospelkor får vitjing frå bandet 4HIM. Saman skal dei framføre musikk som vil varme i vintermørket. Det er første gang disse to sammenslutningene speler saman, og både kor og band gleder seg til å opptre saman i Volda.

Arrangøren er bistandsorganisasjonen North South Partnership AID. Dette er ein bistandsorganisasjon med kontor på Sunnmøre, og arbeid i Kenya og Etiopia. Det største arbeidet til NSP Aid er i slummane i Nairobi. Her får mange barn hjelp med mat og skule. Alt for mange born lever under fattigdomsgrensen, og for mange av desse familiane er mat kvar dag ikkje ei sjølvfølge. NSP Aid samarbeider i Norge med skular, private og bedrifter, og er også med å arrangere konserter som dette.

Volda gospelkor treng kanskje ikkje så mykje presentasjon sidan dei gjennom år har blitt kjend i området for den flotte og livlege sangen sin. Koret vart etablert i 2021 og har primært songarar frå Volda, Ørsta og bygdene rundt. Dirigenten er Siv Kristin Aurdal, og koret har hatt fleire gospelkonserter dei siste åra.

4Him er eit band med songarar og musikere som har utgangspunkt på Emblem i Ålesund. Bandet synger og spillar eit bredt spekter av kristen musikk, inkludert gospel. I Pinsekirka i Volda denne kvelden, vil 4Him ta oss med til et knippe songar av føregangsmannen av moderne lovsong og gospel, sjølvaste Ron Kenoly. Her vil det skje mykje spanende musikalsk, samtidig som tekstane rett og slett er Gospel. Det vert blant anna gjenhøyr med klassikarar som «La vår lovsang stige», «Centre of my joy» og «Lift him up». Det lovast god stemning og leikenheit, med gjenhør av fantastiske låter. 4Him består av: Sangere: Ståle S. Heggset, Anna A. Urstad, Anna Sæter, Barbro Mork Emblem, Mariann S. Ekornåsvåg, Sølvi R. Akslen og Rune Sæther. Band: Kjetil Gammelsæter (piano), Lidvar Emblem (bass), Øyvind Ekornåsvåg (trommer), Øystein Johansen (gitar) og Olav Tornes (sax)

Her kan arrangøren North South Partnership garantere høg kvalitet og god stemning. Konserten er gratis, men NSP Aid vonar på gode gaver frå publikum til inntekt for arbeidet hjå dei fattigaste i Kenya.

Meny
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter