1. Hjem
  2. Historier
  3. Naudhjelp motteke med stor takk i Etiopia

Naudhjelp motteke med stor takk i Etiopia

Ekstremvèr i Aust Afrika

Dei siste vekene har det regna ekstremt mykje i Aust-Afrika. Våre samarbeidspartnarar i både Etiopia og Kenya har meldt om store skader ute blant dei menneska dei fyljer opp i sine områder. I slummane i Nairobi er tilstanden til vanleg slik at ein kan undre seg korleis nokon kan bo under slike høve. Folk bur i skur med jordveggar og bølgeblekktak som ikkje er tett. I mellom husa er det trange smau med dekke av raud og skiten jord. Det renn elver som stort sett er full med skit og søppel. Når det kjem litt regn blir den tørre raude jorda til våt og sleip gjørme som gjer det farlig å gå her. Den er sleip og glatt og er ein dårlig grunn for både byggverk og andre installasjoner. Under ekstremveret som no har vore, har vi har fått inn bilete frå slummane i Nairobi som viser store skader på hus og inventar. Hus nær elver har blitt skylt vekk, og mange har mista vegger og tak på grunn av regnet. Det har regna lenge no, og det tek ikkje slutt. Skulane har fri i april og skulle ha starta opp i mai, men alle skuler er stengt på grunn av været. Vi har også sett på norske nyheiter at ei demning i nord-vest har brote saman, og mange mennesker har mista livet i flaumen som oppstod etter dette.

Store øydeleggingar i Geresse i Etiopia

Frå Etiopia har vi fått bilete og meldingar om at svært fattige familier på landsbygda i Geresse heilt sør i landet var hardt ramma av regnet. Hus og eidendeler har blitt skylt vekk og dei har mista mykje av det vesle dei eig. Dette freista NSP Aid å lage ei innsamling på for å yte ei direkte naudhjelp til desse. Vi har fått inn ein fin sum til dette naudhjelpstiltaket, men manglar fortsatt mykje på å dekke inn behova som våre venner i Geresse treng. Vi har totalt sendt 28 500,- som var behovet for å kunne hjelpe no i først omgang. Innsamla sum er mykje lavare, så her er all hjelp kjærkomen til VIPPS 10700 med merke «Mat Etiopia»

Stor glede for hjelp

Denne veka fekk vi inn bilete og takk frå Geresse. NSP Aid sin samarbeidspartnar, Ketema Kamile (synodeprest), kunne fortelle at dei no hadde tatt seg fram på vanskelige tilgjengelege områder med øydelagde vegar. Her har dei nådd 51 mennesker med matutdeling. Nesten 20 kilo med mat til kvart menneske har blitt utdelt, noko som vart motteken med enorm takk og begeistring.

Vår tur no

Det er vanskeleg for ein nordmann å sette seg inn i at mennesker i verda skal mangle mat i 2024. Vi har levd i overflod sidan etterkrigstida og veit ikkje anna en at mat er ei sjølvfølge. Etiopia er no eit land i krig og krise, og på randen til oppløysing. Dagleg lever folk i landet med ein trussel om både etnisk og politisk forfylgjing og krigføring, og ingen i landet er spart for denne trusselen. Skal du inn og ut av hovedstaden Addis Abeba er den tryggaste vegen å komme og reise med fly. Vegane er blokkert av soldater eller røvarar. Dei fleste nabolanda er også i ein ustabil situasjon, med Eritrea, Somalia, Sudan, Sør Sudan som triste eksempel. Det er lett å gløyma at for nokre tiår sidan var Noreg eit land som fekk hjelp av USA for å bygge seg opp at etter ein krig som krevde mykje for dei fleste i Noreg. Og før det igjen røymde halve befolkninga i Noreg til USA for å freiste å komme seg ut av fattigdom og inn i arbeid. Difor er motivasjonen til NSP Aid å kunne få stå som støtte for desse folka som har det vanskeleg no. Som medmennsker på jorda plikter vi det. Vi er ikkje ein stor organisasjon som kan hjelpe alle som treng hjelp, men kan vi få hjelpe nokre har vi gjort så godt som vi kan. Så får vi sette vår lit til at dei måla FN har satt for å bekjempe fattigdom skal hjelpe. Vi er med på dette laget og vårt hovedfokus er at barn og unge skal få utdanning og opplæring i demokratiske verdiar, slik at dei kan være med å bygge landa sine til samfunn som er trygge å bo i.

Skrevet av

NSP AID

Flere historier

Meny
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter