1. Hjem
  2. Hva vi holder på med nå
  3. NSP Aid på bedehuskanalen laurdag 6. april

NSP Aid på bedehuskanalen laurdag 6. april

NSP Aid sine to representanter Anders Myrene og Gunnar Hamnøy vert å sjå og høyre på TV-kanalen Bedehuskanalen laurdag 6 april kl 1945. Dei vert intervjua i programmet «Akkurat nå» som er eit av dei faste innslaga på den relativt nye kanalen. Bedehuskanalen starta sine sendingar i 2022, og er på full fart inn i dei fleste sendeflater som tilbyr TV heime hjå folk.

Du kan sjå kanalen sine sendingar på internett på www.bedehuskanalen.no og på app på mobil, både for deg som har Iphone og deg som har Android telefon. Har du T-We abonnement eller Allente finn du kanalen der.

NSP Aid er også på veg ut på denne kanalen med ein reklamefilm. Dette er ein film som er sponsa av foreskjellige firma i Noreg, og som vi håper skal føre til at fleire mennesker i Noreg skal bli engasjert i arbeidet vårt i Kenya og Etiopia.

Det er Johnn Hardang som er dagleg leiar i Bedehuskanalen.

Trykk på linken her så kjem du rett til kanalen sine heimesider: https://www.bedehuskanalen.no/

Skrevet av

NSP AID

Flere historier

Meny
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter