1. Hjem
  2. Hva vi holder på med nå
  3. Ny brosjyre

Ny brosjyre

Vi har denne veka fått trykt opp ny brosjyre. Med god hjelp fra PR avdelinga i Kynningsrud AS og ein god samarbeidspartner i Trude Margel har vi fått eit design og eit uttrykk som samla det meste av NSP Aid sitt arbeid i ei brosjyre.

Vi har valgt å støtte oss på nokre av FN`s sine bærekraftsmål i grunngjevinga for arbeidet vårt. Utdanning, mat og anstendig arbeid. Desse tre måla samlar mykje av det fokuset vi vil ha på det NSP Aid gjer i Kenya og Etiopia.

MAT er grunnleggjande for at mennesket skal overleve, og gjennom å starte ein farm har vi klart å dyrke fram nok grønsaker til å starte leveringar til kjøkkena som lagar mat til borna som får støtte til UTDANNING rundom i Kenya. Alle born i våre program får minst to varme måltider kvar dag. UTDANNING er ein veg ut av fattigdomen. Med papir på at ein kan noko kan eit menneske ha store muligheter til å realisere seg sjølv og sine draumar om å komme i eit anstendig ARBEID med ei rettferdig løn. Herunder ligg også støtta NSP Aid har til bibelskular og evangelistar i kyrkja i dei to landa. Kyrkja og dei som jobber her er viktige nav i lokalsamfunna her ute.

Vi vonar den nye brosjyra vert tatt godt imot, og på baksida er det lagt til rette for å kunne fylle ut fast gjevaravtale med NSP Aid. I tillegg har den ein QR kode som du med mobilen din lett kan førast inn på heimesida www.nsp-aid.com for å kunne bestemme meir presist kva du vil støtte av arbeidet til NSP Aid.

Skrevet av

NSP AID

Flere historier

Meny
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter