1. Hjem
  2. Historier
  3. Tenne lys i mørket

Tenne lys i mørket

Heimebesøk hos Mama Melinah

Det er laurdag, eg er i Nairobi og skal vere med på heimebesøk i slummen Kibera. Det er Brian, Tomas og Sharon, 3 unge som jobbar i Heart to Heart, NSP Aid sin samarbeidsorganisasjon, som skal ta meg med.

Vi skal besøke mama Melinah. Ho heiter egentlig Florence, men mødrene får ofte namn etter det eldste barnet og jenta hennar heiter Melinah. Dei bur i slummen Kibera, i den verste delen eg nokon gong har vore.

Vi tek taxi eit stykke før vi stoppar og handlar mat i ein av dei mange nærbutikkane. Det  er små butikkar med luke der du bestiller det du skal ha. Vi kjøper blant anna mjøl, sukker, bønner, ris, målt opp frå store sekkar. Der er diverse andre ting, eg veit ikkje kva alt er. Til og med matolje i plastpose! Eg var skeptisk til at det skulle gå bra, for det var eg som måtte bere den, men oljen kom trygt fram. Så tek ein tuktuk, – eit trehjuls moped-liknande køyretøy med hus, oss vidare. Den har plass til 4 passasjerar. Vi køyrer tuktuk så langt den greier det. Vi er no komne til eit ope område i slummen der det går ei jernbanelinje. Det ser meir ut som ein søppelplass, så mykje rot og i slik ei lukt. Eg får beskjed om å gøyme mobilen i veska og føler meg ikkje heilt komfortabel. Det er faktisk første gongen eg har opplevd det, men om det ikkje hadde vore trygt, så hadde dei ikkje tatt meg med. Det har regna om morgonen så det er veldig glatt og mykje gjørme, skit og lort og søppel. Vi følgjer jernbanelinja eit lite stykke og så stiglar vi oss ned ein bakke til skura i slummen, og klarer det faktisk utan å gli og dette. Der møter ei lita, vever dame med haudetørkle oss. Det er mama Melinah. Ho har store arr etter brannskadar i ansiktet og på hendene. Det viste eg om og hadde faktisk tenkt at dei var verre enn dei var.

Vi går innover mellom skura i slummen, mama Melinah først og vi andre etter. Eg har folka frå Heart to Heart rundt meg, omtrent som livvakter. Vi går inn eit smalt smug, det også fult av søppel, søle og lort og lukta sto. Vi måtte sjå veldig nøye kvar vi sette foten.  Så svingar ho inn i eit endå smalare smug, der er det mørkt, for her er skura i 2 etasjar og vi får golvet i 2. etasje over hovudet. Lyset i andre enden av gangen gir eit motlys som gjer at vi ikkje ser og vi må berre føle oss fram og satse på at vi ikkje trakkar i alt for mykje skit. Plutselig så kjenner eg noko som glir over ansiktet –  eg hoppar til –  og lagar eit lite hyl. Men det er berre kle som henge til tørk. Dette er einaste plassen som nokre av dei som bur her, kan henge kleda sine til tørk. Klede skal vel vere reine og nyvaska, men alle som går forbi kjem bort i dei, så eg er litt usikker på resultatet. Vel ute i lyset skal vi opp ei blanding av ei trapp og ein stige – utan rekkverk. Oppe kjem vi inn i ein ny gang og heilt i enden av den bur mama Melinah og borna.

Vi kjem inn i eit lite rom, ca 3 x 3 meter. Møblane er ein liten sofa og ein lenestol.  Her ventar borna til mama Melinah og vi får helse på dei.

Vi sette oss og Sharon frå Heart to Heart spør mama Melinah om ho vil fortelje historia si. Det gjer ho på swahili – og det blir tolka til engelsk og det er Sharon som overset:

I 2007 var mama Melinah gift og hadde 2 born.  Det var store opptøyer etter president-valet.  Ein kveld er ho åleine heime med borna og døra er igjen. Då er det nokon som sperrar døra frå utsida og tenner på huset dei budde i. Ho blir desperat og prøvar å kome seg ut, men det går ikkje. Ho ropar på hjelp. Brannen har tatt godt fyr i huset, og for å berge mama Melinah og borna ut, må hjelparane slå inn døra. Det som skjer då, er at døra, når ho blir slått inn i romet, også slår mama Melinah bakover og inn i flammane og kleda hennar tek fyr. Ho får store brannskader på ryggen, på hendene og i ansiktet. Delar av dei ytre øyrene og håret er brent vekk.  Den yngste på 3 veker, døyr av kolosforgiftning og den eldste døyr seinare på sjukehus av skadane. Ei stor tragedie. Mama Melinah blir verande lenge på sjukehus. Ho får hudtransplantasjon og har det veldig tøft. Ho har mykje smerte både fysisk og i sorg over tapet av borna. Og mannen, – når han høyrer kva som hadde skjedd, tek han aldri meir kontakt og ho har ikkje sett han sidan.

Etter ei tid gifter ho seg på seg nytt og får 2 barn. For tre år sidan var det ei stor ferje-ulykke i Mombasa. Mannen hennar jobba der i byen og var ein av dei som var ombord i ferja. Han var diverre ein av dei som omkom. Så no sit ho her åleine med ansvaret for to born.  Ho bur i ein av dei uslaste delane av slummen. Ikkje greier ho å jobbe så mykje på grunn av skadane etter brannen. Ho prøver å få seg vaskejobbar, men hendene blir så tørre og ho får sår fordi huda er så tynn. Brannskadane på ryggen gjer det vondt å bøye seg, men ho prøver likevel så godt ho kan. Brannskadane gjer også at ho tåler kulde dårleg. Det kan faktisk vere kaldt i Nairobi, for det ligg høgt oppe. Huset er ikkje tett, både regn og vind kjem inn og ho har mykje smerte på grunn av fukt og trekk.

Om natta ligg ho på ei madrasse på golvet, midt i golvtrekken.  Bak ein stol står det nokre papp-stykker. Dette blir lagt på golvet om natta og på det ligg eit av borna, den andre ligg i sofaen.

Ho har ikkje elektrisitet, så om dagen er det einaste lyset det som kjem inn gjennom ein glugge høgt oppe på veggen. Etter at det er mørkt, har ho ein liten parafin-lampe, med ein liten flamme som gir dårleg med lys.

Mama Melinah har meir å fortelje og ho held fram på swahili.  Sharon er still lenge før ho overset siste delen som mama Melinah fortel.                                          Du har enno ikkje høyrt alt, seier Sharon, før ho fortel:

Mama Melinah prøver å få seg små-jobbar. Det er ein plass der dei som ønskjer jobb brukar å møte opp. Så kjem folk som treng arbeidsfolk dit og plukkar ut dei som dei har bruk for. Ein dag mama Melinah er der, kjem det ein mann som ønskjer at ho skal kome til huset hans for å gjere reint. Dei avtalar at dei skal møtast same plassen neste morgon. Mama Malinah er der og mannen kjem for å plukke henne opp. Han har bil og køyrer eit stykke før han svingar til sides, og der litt avsides valdtek han henne. Etterpå truar han henne og borna på livet og seier at han veit kven ho er og kvar ho held til og melder ho han til politiet, kjem ho og borna til å bli drept. Så det har ho ikkje tort å gjere. Som om ho ikkje hadde hatt nok vondt, så skulle ho i tillegg oppleve å bli voldtatt. Og som resultat av valdtekta så sit ho her gravid i 5. mnd.

 

Ein blir så liten og hjelpelause, så heilt utan ord når ein høyrer slike historier. Det er ein veldig spesiell opplevelse når dei let meg inn i smerta og det tunge dei opplever. Og så er det samtidig veldig godt å få hjelpe. Like før vi reiste til Kenya, fekk mama Melinah kome på lista for familie-adopsjon. Det betyr at ho får støtte til husleiga. Ho er i gang med å finne ein betre stad å bu. Eg håper det ordnar seg raskt og at ho og borna får flytte snart. Dei har så god tida, kenyanarane, vi vil handle raskt og ordne fort opp, men dei tenkjer seg om og gir seg god tid.

Når vi kjem til heimen til mama Melinah, så er det tomt for mat, men det vi har med vil nok rekke nokre veker. Borna er i matprogrammet på skulen og får mat der, det hjelper på så maten varer lenger. Dei har ikkje ete denne dagen, sidan det er laurdag og ingen skule. Eg seier at no må vi gå så dei får lage seg mat. Så kjem det fram at ho ikkje har parafin som ho må bruke når ho skal koke og ikkje har ho vatn. Og alt må kjøpast, og ho har ikkje pengar. Det er ikkje godt å koke mat utan dette, så ho får pengar så ho kan kjøpe inn det. I tillegg må dei fleste i slummen betale for å bruke do og dusj. Do er som ein utedo, med eit støypt hol i bakken, men du må ha med papir og vatn til å skylje ned med.  Dusjen er berre nokre bølgeblekk-veggar. Vatn må du ha med sjølv og likevel må du betale begge plassar.

Godt at Mama Melinah får hjelp. Det er fleire som henne som treng hjelp, det er mange fleire som står på venteliste for familie-adopsjon og alle er svært vanskelegstilte.

Det hadde vore så flott om fleire vil vere med å hjelpe ei familie i slummen. Det kostar 500 kr i månaden å støtte ei familie, men det går ann å vere del-betalar, slik at fleire støttar same familien.         Då kan du vere med å tenne lys i mørke.

 

 

 

 

 

Skrevet av

NSP AID

Flere historier

Meny
Vi bruker informasjonskapsler for å kunne gi deg den beste brukeropplevelsen. Ved å bla videre på siden aksepterer du at slik informasjon benyttes.
Aksepter